Oselvarverkstaden – årets båt og inn på Unescos liste i 2016

Tusen års båtbyggartradisjon
På 1800-talet var oselvaren den dominerande båttypen mellom fiskarane på heile Hordalandskysten, og etter den store omveltinga i fiskeria kring førre hundreårsskifte, då fiskarane byrja ta i bruk større båtar som dei sette motor i, var det berre Os og Strandebarm som overlevde som båtbyggjarbygder i Hordaland.Oselvaren er ein smekker robåt, mjukt bygd av tynne materialar og berre tre bordgangar. Han har vore kjend som ein særs lett robåt og snøgg seglar, og i tillegg som ein trygg båt. Det vert framleis skipa til kappsegling – med eigen noregsmeisterskap – for oselvarar.

Oselver2 Oselver1

Båtbygginga i dag
Båtane er bygde av furu og eik, lengda kan variera frå 8-18 båtalner (totallengd 4,5-10,0 m). Vanlegaste storleikane er færing (9-11 båtalner) og seksæring (11-13 båtalner), men ein kan òg finna både mindre og større utgåver: æring (8-9 båtalner), åttring (12 ½-14 båtalner) og laromsbåt (12 ½-18 båtalner). Færingar vert bygde med tre bordgangar og tre band med betar over dei to fremste. Større båtar kan òg ha kjølrenne (vanleg frå 11,5 båtalners lengd), meir innved, todelt børabord og todelt ripebord.

Foto: Vidar Langeland

Esingane går inne i båten langs den øvre kanten på ripebordet frå rong til rong. Utsida av eit halsbord på ein oselvar er konkav og vrir seg frå å vera nærmast loddrett i innløpet med visinga på lòtet til å nærma seg vassrett der halsen møter botna- og børabord. Halsane er altså vridne, jamfør eit propellblad eller kanskje helst eit plogskjer. Under bygging er båtbyggjaren nøye med å velja bord parvis, slik at spensten blir mest mulig lik på de to sidene i båten.

Opp gjennom tidene har båtbyggjarane og båtbrukarane saman utvikla båttypen slik at kvar båt er best mogleg tilpassa eit visst bruksområde. Med sportsbruken er dette vidareført: I tillegg til bruksbåten finst det i dag både spesialiserte kapproingsbåtar og spesialbygde kappseglingsbåtar.

Verkstaden i dag
Oselvarverkstaden byggjer båtar og tek vare på det eldgamle båtbyggjarhandverket. Her arbeider yngre og meir erfarne båtbyggjarar i lag, dei unge for å læra oselvartradisjonen av dei erfarne. Den tradisjonelle båtbyggjarkunnskapen om oselvaren er den mest detaljerte og komplette som finst i dag. Slik kan oselvarbyggjarane byggja båtar med nett dei eigenskapane brukarane treng. Nokre timar kvar veke kan publikum koma inn på verkstaden og snakka med båtbyggjarane og sjå på når dei arbeider. Verkstaden har òg ei utstilling i andre høgda som illustrerer tusen års bygging og bruk. Grupper kan få omvising i utstillinga og verk-staden etter avtale.

Oselver3

Unesco
Oselvarverkstaden og oselvarkulturen har, som første nordiske handverkstradisjon, blitt tatt inn på UNESCOs liste over immateriell kulturarv.

Oselvaren er ein klinkbygd trebåt frå Hordaland som har vakse fram etter ei utvikling over fleire tusen år. Han har tradisjonelt vorte nytta som bruksbåt og til moderne kapproing og kappsegling sidan 1800-talet. Det er ikkje sjølve båten, men kunnskapen om å byggje og bruke han, som vert verna.  Stiftinga Oselvarverkstaden i Os i Hordaland einaste staden det vert bygd Oselvarar i dag.

Vedtaket vart gjort på UNESCOs mellomstatlege komitémøte i dag, torsdag 1. desember 2016 

Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet, gratulerer Oselvarverkstaden med nominasjonen.  – Dette er svært gledeleg for alle som er opptekne av båtbygging og tradisjonshandverk i Noreg, og eg trur utnemninga kan føre til auka kunnskap om korleis ein kan arbeide med å  vidareføre immateriell kulturarv, seier Danielsen.  På bakgrunn av Kulturrådet si tilråding, fremja Kulturdepartementet  dette nominasjonsforslaget for UNESCO i mars 2015.

Avgjersla inneber ei viktig anerkjenning  av Oselvarverkstaden, som i mange år har arbeidd for å vidareføre kunnskap omkring båtbygging generelt og Oselvarbåten spesielt. I dei siste åra har dei lagt aukande vekt på at miljøet rundt sjølve verkstaden er kunnskapsrike og at dette er viktige støttespelarar og pådrivarar for utviklinga ved verkstaden.  Nominasjonsforslaget handlar derfor om både Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen.

Oselvarverkstaden har sjølv arbeidd med å skrive nominasjonsforslaget, og har også fått støtte av norske NGOar i prosessen.

I oktober 2016 vart det i tillegg gitt ut ei bok om båten og Oselvar-kulturen. Dette er eit viktig bidrag i eit langsiktig arbeid med å formidle kunnskap om båten, om aktiviteten ved verkstaden, bruken av båten og Oselvar-kulturen.

Oselver4Oselver5

Årets båt 2016
Prisen Årets båt skal i fortrinnsvis tildeles en nybygd båt. I tidligere år, da norsk trebåtbyggernæring besto av flere aktører enn i dag, lå det også i juryens retningslinjer at prisen skulle tildeles båtbyggere med trebåtbygging som levebrød. Blant flere kandidater, som Eikeli Båtbyggeri`s mahognisjekte, har juryen kommet til at det er en norsk tradisjonsbåt med vestnorske aner som fortjener prisen i år.

Prisen Årets båt, går også i år til et nybygg. Vinnerbåten inngår i utstillingen på land, og er et smykke, men samtidig en tradisjonsbåt som representerer en helt særegen teknikk. Tre bordganger kjennetegner denne båttypen, som er en av svært få småbåttyper i Europa som fortsatt bygges på gamlemåten. Prisen for Årets båt går til en trebåt som engang var den dominerende bruksbåten langs hele kysten av Hordaland. Årets Båt er Oselvaren bygd av Berit Synnøve Osmundsen.

Oselververkstaden

Program

Om festivalen

Siste Artikler